Eksempel på løsning. Vår konsulent Øystein Folden har foretatt en befaring på Gravstedet og konkludert på den beste løsning for minnested rett innenfor porten.
Aktuell løysing - minnelund På gravfeltet til høgre innanfor porten ligg det 5 gravminne, sjå biletet nedanfor, som er eldre enn 60 år. Ingen av dei er stelte. Det bør undersøkjast kva status desse gravene har med omsyn til feste. Viss desse gravene kan slettast, er det eit areal på 4,8m x 3,6 m som kan leggast ut som urnegravfelt. Omgjort til halvmeterruter blir dette 4,5 m x 3,5 m som svarar til 63 urnegraver. Viss ein legg til grunn 8 gravleggingar i året og desse fordelar seg med 4 kistegraver, 2 urner på kistegrav og 2 urner i namna minnelund, så vil dette vare lenge. Om det skulle bli halvparten av alle gravlagde som ender opp i namna minnelund, så er det framleis kapasitet i 15 år. Innan då har ein vel fått tilgang til fleire sletta graver i området, og med det får ein moglegheit til eit større urnefelt.
Vegen ligg litt høgare enn gravfeltet i dag. For urnegravfeltet sin del vil det vere ein fordel om gravfeltet blir heva til same høgde som vegen og skrånande innover gravfeltet. Viss dette gravfeltet blir rusta opp for ny kistegravlegging, bør ein truleg løfte gravfeltet noko meir, og då vil det skråne svakt oppover frå vegen