Dei som har tatt turen til Ikornneset i løpet av våren har nok fått seg ei overrasking når dei ser at all skogen er borte. Dette kan virke litt uvant og opent, men vi trur det skal bli bra når anleggsarbeidet er ferdig.
Vi har no gjort avtale om bygging av ny turveg. Arbeidet med denne vil koma i gang etter ferien og vil stå ferdig i haust ein gong. Vidare er det gjort avtale om bygging av gjestebrygge. Også arbeidet med denne vil koma i gang i haust, men vil ikkje være klar til bruk før til våren.
Entreprenøren som skal bygge vegen vil også fjerne mesteparten av kvisten ( i alle fall i den ytre delen av området).
Den gamle turvegen frå «Meieriet» skal være rydda, så det er berre å ta ut til Ikornneset også i sommar.
Olav B. Nilssen
Kulturkontoret Gjemnes kommune









