Kjære lokale eldsjeler

Publisert av Per Gimnes den 01.02.11. Oppdatert 25.11.24.
Det er tid for å oppsummere 2010 og vi kan konstatere at det skjer mykje rundt om på bygdene i Møre og Romsdal! Sidan småsamfunns-satsinga starta i 2006, har 24 bygder fått økonomisk hjelp og støtte til å drive systematisk mobiliseringsarbeid på eigen heimplass.
(…) Det er nokre ting eg vil peike på ved årets slutt: Alle bygdene som ikkje er ferdige med bygdemobiliseringsprosjektet, skal levere ein kort årsrapport og ein enkel rekneskap til fylkesmannen innan 1. februar 2011. Dei bygdene som er ferdige med prosjektperioden, vil framleis
vere på adresselista og får tilsendt aktuelt stoff, invitasjonar til kurs og er sjølvsagt velkomne på den årlege bygdemobiliseringskonferansen
i år 23.-24.september. Stad er enno ikkje bestemt. For interesserte i bygdeutvikling og framtida for Bygde-Noreg, kan eg nemne at Bygdeforskningsdagen vert arrangert for første gong 31. mars 2011
på Værnes. For meir informasjon www. bygdeforskning.no. (…)
For dei bygdene som har avslutta bygdemobiliseringa, men som ønskjer å arbeide vidare medspesielle prosjekt, kan det vere midlar
å hente å på ulike stader. Kommunal og regionaldepartementet (KRD) har til dømes i statsbudsjettet for 2011 forslått å løyve 47 millionar kroner til Bulyst. Utgangspunktet for satsinga er tiltak som gjer det meir attraktivt å busetje seg i distriktskommunar. Utlysing og
søknadsskjema vil seinare verte lagt ut på KRD sine nettsider. (…)