Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) lyser no ut til saman 32 millionar kroner til prosjekt som kan skape bulyst i distriktskommunar. Søknadsfristen til Møre og Romsdal fylkeskommune er 10. april
Det er eit viktig mål i distrikts- og regionalpolitikken at alle skal ha fridom til å busetje seg der dei vil. No har KRD starta eit nytt bulyst-program som skal hjelpe til å gjere distrikta meir attraktive. Programmet skal støtte opp om lokale, regionale og nasjonale pilotprosjekt som fremmer attraktive lokalsamfunn, og som har overføringsverdi til andre som driv den typen arbeid. Det er også eit mål å samle og formidle kunnskap om kva som påverkar val av bustad.
I det vedlagde informasjonsskrivet frå KRD står det meir om målgruppe, tema, kriterier, og korleis ein går fram for å søke.
Fylkeskommunen skal koordinere og prioritere søknader frå Møre og Romsdal, og vi vil samstundes vurdere om det er aktuelt å gå inn med fylkeskommunal finansiering for å supplere støtten frå KRD. Søknadane skal sendast til KRD innan 3. mai, men må sendast til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 10.april for å bli teken med på vår prioriteringsliste.
Fylkesplanen 2009-2012 – Vi vågar litt meir
Bulyst-satsinga kan knytast til fleire resultatmål i fylkesplanen for Møre og Romsdal 2009-2012. Vi ønsker søknader som kan hjelpe oss å oppfylle følgjande utvalde resultatmål:
Kultur
For å styrkje rammevilkåra for frivillige kulturaktørar som er med på å utvikle attraktive og aktive lokalsamfunn, må vi saman med kommunal sektor skape Noregs mest offensive frivilligpolitikk.
Fleire innbyggjarar, spesielt unge under 30 år, skal ha kunnskap om og kjenner verdien av å ta vare på kulturarven, samanlikna med 2008.
Møre og Romsdal fylke skal ha ei leiande rolle i koordinering og utvikling av fysisk aktivitet og friluftsliv.
Det skal etablerast eit rettleiings- og verkemiddelapparat for kulturnæring og kultur- og naturbasert næringsutvikling, med hoppid.no-standard
Kompetanse
Minoritetsspråklege som har busett seg i Møre og Romsdal skal få tilbod om norskopplæring og anna kvalifisering som gjer at dei snarast råd kan ta del i arbeidslivet.
Det skal leggast vekt på entreprenørskapshaldningar og læringsmetodar i entreprenørskap i heile grunnopplæringa og i høgare utdanning i fylket.
Verdiskaping
Større og mindre tettstader skal gjerast attraktive for busetting og lokalisering av næringsverksemd.
Det skal vere fleire og meir økonomisk levedyktige natur, kultur- og opplevingsbaserte verksemder i Møre og Romsdal samanlikna med 2008
Vi vil vurdere alle søknader, også dei som ikkje naturleg fell inn under desse resultatmåla i fylkesplanen.
Kom med idèane!
Vi tek imot søknader frå heile fylket, utan prioritering av utvalde geografiske område. Vi vil oppmode om samarbeid på tvers av kommunegrensene, og samarbeid mellom private, frivillege og offentlege aktørar. Prosjekt som får støtte frå KRD vil få oppfølging av Møre og Romsdal fylkeskommune under gjennomføringa.
Vi oppmodar alle, både kommunar, organisasjonar og eldsjeler til å kome med gode idèar for auka bulyst i Møre og Romsdal!
Kontaktpersonar
Eivind Ryste, Tlf. 71 25 80 23/ Mob. 909 92 406